søndag 26. oktober 2014

Nye Tollef Sanddal-bilder fram i lyset

Sunnfjord Museum og Fylkesarkivet på skattejakt
Asbjørn Tyssen blar i papirkopiar
Elin Østevik har ein bunke glasnegativplater.


Sanddalen grendalag har arva deler av fotosamling etter fotograf Tollef Sandal (1886-1977). I ein gjennomgang saman med ekspertar, fann vi 550 bilder. 


Eit fullt langbord var dekka for ekspertisen frå Sunnfjord museum og Fylkeskarkivet då Asbjørn Tyssen og Elin Østevik kom for å undersøke samlinga og gje råd om oppbevaring og formidling. 

Underlege heimelaga treboksar med ledning, brytar og glasplater. Ein koffert breiddfull av små øskjer, posar og etui. Tunge pappøskjer, lette pappøskjer, små og store.

Samleband

Med gummikledde fingrar går dei rutinert igjennom all embalasjen og det som gøymer seg i den. Sender det vidare til Inger Jangård og Øystein Tefre i grendalagsstyret. Dei skriv ned alle funn i ei liste, og merkar alt med tilsvarande nummererte etikettar, slik at vi har ei grovoversikt over innhaldet. I to timar går samlebandet.

Og alt vi finn. Atelierutstyr som ei øskje med kvite pappskjortebryst, hanskar og skjerf. Fakturabok, hundrevis av ubrukte papprammer. Fotoutstyr som fotoapparat, lysmålar og magnesiumpulver. Mørkeromsutstyr som belysningsapparat. Kopiar av menneske, landskap og situasjonar. Over 500 unike fotografi, der størsteparten er negativ på glasplater. Dette utgjer nesten halvparten av dei negativa museet og fylkesarkivet kjenner til frå før.

Digital framtid

Grendalaget vil få mogelegheita til å lagre bilda forskriftsmessig hjå Fylkesarkivet. Digitalisering vil også kunne bli mogeleg ved deira hjelp. Også museet er interessert i å hjelpe oss med til dømes formidling. Grendalaget er svært takksame for hjelpa til å grovregistrere samlinga.

Styret skal samlast og finne ut kva vi trur er best for samlinga på lang sikt, og korleis vi kan få delt denne "skatten" med bygdefolket på ein kvalitativt god måte for ettertida. Bilda er ikkje noko verdt om dei ligg i ei krå og blasnar - dei må digitaliserast for å nå ut til folk. Dei er heller ikkje særleg mykje verdt om vi ikkje veit kva som er på dei. Det kan bli eit dugnadsprosjekt alle i grenda kan delta på - når den tid kjem.

Arv etter dotter

Samlinga var eigd av Eva Flaten, dotter til Tollef Sandal. Etter at ho døydde, vart samlinga overlevert Grendalaget. Sidan han var bygda sin eigen fotograf, blir det vårt mål å sikre at samlinga kjem alle til gode på ein trygg og god måte.

Grendalaget blir glad for all informasjon om Tollef Sandal og fotogjerningen hans.










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar